Hauglum Sag

Sagbruket i Fresvikåsen

Om oss

Solheim Sagbruk er det einaste store sagbruket i Vik kommune og det er difor eit mål å få dette i drift att og skapa aktivitet i Fresvik. Det er vidare eit mål å utnytta lokale tømmerressursar på ein god og lønsam måte.

Hauglum Sag  ynskjer å tilby kundetilpassa lafta bygg og grindverksbygg. I tillegg vil ein tilby spesialskjering av material i samband med restaurering av eldre bygg.

Sagbruket skal kunne ta på seg spesialoppdrag i samband med restaurering og nybygg, då spesielt innan lafting og grindverksbygg. I dag er det stor fokus på restaurering av slike bygg og det er behov for tilgang på material.

Laftehallen vil dekka etterspørsel av hytter, lysthus og grindverksbygg. Kunden kan fylgja produksjonen frå felling i skogen, skjering på bandsag og deretter heile byggjeprosessen.

Minikurs for t.d. gjester på Frøys Hus, der deltakarane får vera med og fella ein tømmerstokk og vidare bearbeida den til lafting eller grindverksbygg.